Kunstutstilling: «Bortkasta tid» //Kunsthuset i Ørsta

«Bortkasta tid»

Utstilling i Kunsthuset i Ørsta 6.-15. november 2025

I høgare utdanning er publisering i anerkjende tidsskrift verdsett som kompetanseheving, medan alternative visningsarenaer, ikkje gir same utteljing. Institutt for design, kunst oghandverk (DKH) ved Høgskulen i Volda har derfor valt å prioritere utøvande ogskapande arbeid det siste året. Målet har vore å utvikle den praktiske kompetansen til undervisarane. Dei tilsette ved instituttet har systematisk rettleiddkvarandre sine kunst-hand-verk, med mål om å utvikle sine eigne praksisar somundervisarar. Gjengen har vore samla kvar månad. Dei har filma seg sjølve,stilt spørsmål, gitt råd, og drøfta måtar og metodar ein rettleiarkunst-hand-verk på.

Resultatet av arbeidet er utstillinga«Bortkasta tid», som vi no får sjå i Kunsthuset i Ørsta. Tittelen formidlar eitønske om å utfordre ein tradisjonell vitskapleg praksis, som i mange år harprega utviklinga av kunstfaga i lærarutdanning. Dei som bidreg i utstillinga erKaren Brænne (teikning), Janne Heggvoll (foto og teikning), Knut EinarLillebø-Voll (keramikkskulptur), Rita Slotterøy (maleri), Robert Steinnes (treskulptur)og Cathrine Yksnøy (tekstilinstallasjon).

Kunstnaranevil vere til stades opningsdagen, som også byr på musikalsk innslag.

Volda og Ørsta Kunstlag set stor pris på å få vere vertskap for utstillinga «Bortkasta tid»,  og alle er hjarteleg velkomne til Kunsthuset i Ørsta!

 

Opningstider for utstillinga: 

Opningsdagen torsdag 6. november kl 1800-2000

7. november kl. 1200-1800

8. november kl 1200-1600

13.-15. november kl 1200-1600

Velkomen!

Other Posts

Stemningsfull førjulstid // Ørsta/Volda

Førjulstid i Ørsta/Volda Når mørketida kjem, treng vi dei små høgdepunkta som lyser opp kvardagen. I Ørsta og Volda kan du glede deg over arrangement som skaper glede og gjev den gode førjulsstemninga – frå konserter og kulturkveldar til koselege familieaktivitetar. Her får du oversikta over det som skjer i vekene fram mot jul. (og i jula). Finn dine favorittar og del førjulsmagin med nokon du er glad i.
Read more

Tradisjonsrik julemat og god stemning //Holmen mat & drikke

Book julebord hos Holmen – tradisjon, smak og god stemning i Volda. Julebordssesongen er rett rundt hjørnet, og hos Holmen Mat & Drikke i Volda er dei klare for å servere gode smakar og ekte førjulsglede.
Read more
La deg trollbinde av stemninga og nyt god mat og drikke i ei særeiga atmosfære.

Fortryllande julemagi ved Union Øye

Union Øye ligg i enden av Norangsfjorden og er eit av verdas mest herskapelege hotell. Reisa til hotellet er ei eventyrleg oppleveing og like spektakulær om du velgjer å kome med bil eller båt. La deg trollbinde av stemninga og nyt god mat og drikke i ei særeiga atmosfære. Transport og aktivitetar kan arrangerast på førespurnad. Velkomen til ei fortryllande førjulstid på Øye.
Read more