Utforsk ytre del av Hjørundfjorden,der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Stavset internatskule

Stavset internatskule og den veglause bygda Trandal.

De får bli med inn på den gamle internatskulen som vart bygd i 1915 då det var slutt på heimeskule. Borna hadde no rett på skulehus, men skulevegen var farleg. Der var ikkje veg langs stranda, borna frå vest-sida måtte gå der det var fonnfarleg eller fare for andre ras. Borna frå austsida måtte fraktast i båt, det var heller ikkje så trygt. Hjørundfjorden er kjend for kastevindar som kan velte  små båtar. Ein internatskule gjorde det litt tryggare, for det reduserte talet på reiser til og frå skulen.

Dei gamle sovesalane er der enno og vitnar om ei anna tid.


Litt lenger inne ligg Standal ferjekai som er neste stopp. Nokre få gonger om dagen går det ferje over til bygda Trandal på austsida av fjorden. Her er det ikkje vegsamband med omverda, men der er nokre kilometer bygdeveg, og det er fint å utforske bygda til fots. De får vite meir om historia til  Trandal, og korleis det er å bu i ei veglaus bygd. Folketalet på Trandal er faktisk aukande, ca 20 stk. per i dag. Dette omfattar også barnefamiliar.


Her finn vi Christian Gaard Bygdetun der det vert arrangert fleire musikkfestivalar kvar sommar og der ein kan få seg ein matbit på den flotte terrassen. Vandreturen vår endar opp her, og vi får servert ein smakfull lunsj.

Standard meny er hjorteburgar, dessert og kaffi.

Etter lunsj ruslar vi tilbake til ferja, og avsluttar turen.

Pris ved minimum 4 deltakarar: kr 890,- per person.

Frå terassen ved Christian Gaard Bygdetun Foto: ØNK


Born under 14 år kr 490,- (dersom der er minst 4 andre som betalar full pris).

Guiden kan ha med seg 6 stk. , men de kan bruke eigne bilar og ha med mange fleire.


Prisen inkluderer inngang og omvisning på Stavset Internatskule,  bygdevandring med historieforteljing på Trandal og 2 retters lunsj på Christian Gaard. Ferja er gratis.


Påmelding og betaling til Sunnmørsalpane Guide Service minst 3 dagar før turstart.

Send påmelding til info@orstainfo.no

Betal til konto nr.  3910 34 66966

IBAN: NO70 3910 3466 966

BIC/SWIFT: SPARNO22XXX

 

Avbestillingsfrist: 24 timar før turstart.

 

Om det er mindre enn 3 døgn til turstart kan du likevel ta kontakt på telefon 913 67 470 for å høyre om vi likevel kan gjennomføre ein tur.

Oppmøte ved Vartdal kyrkje kl. 1145

Guiden møter dykk ved kyrkja (om ikkje anna er avtalt) og kan ta med seg inn til 6 personar i bilen, eller – om de har eigen bil – kan de køyre etter guiden. De køyrer den korte turen inn Hjørundfjordstranda til Stavset. Turslutt på Standal kl. 1600 eller Vartdal kl. 1615.


Turen blir gjennomført kvar måndag – tysdag – torsdag – fredag ved minimum 4 påmelde.



Språk: Guiden snakkar norsk, tysk og engelsk. Av og til kan vi også tilby italiensk, nederlandsk eller fransk. Gi beskjed om kva språk de ønskjer når de melder dykk på.

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.