Topptur-helg //Hotel Union Øye

Opplev dei spektakulære Sunnmørsalpane og det eventyrlege Union Hotel.

Ei langhelg på eventyrhotellet Union Øye med eventyrlege skiopplevingar i masjestetiske vinterkledde Sunnmørsalpar.

Når fjella kallar

Djupt inne i fjordane, mellom stupbratte fjell og ruvande tinder, ligg herskapelege Union Øye. Eit fortryllande fjordslott som sidan 1800-talet har lokka folk som jaktar eventyr. Det er i desse fjellsidene dei modigaste målar svingande mønster i snøen, før korrekturlakken drysser frå skyene til neste dag. Det er her dei vert skapt, historiene som blir fortalt igjen og igjen. Fordi augene aldri har sett noko vakrare, kroppen sjeldan har kjent noko tyngre og nervane dansar mellom spaning og lykke.

Pakken er prisa per person og inkluderer:– tre dagar med guida topptur– overnatting i dobbeltrom tre netter– tre middagar- matpakkar til alle turane- frokost alle dagar- historiefortelling.

Tilgjengelege helgar:

23.-26. februar / 23.-26. mars/ 6.-9. april/ 27.-30. april

Meir informasjon

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.