Vandrepakke //Hotel Union Øye

Fjellturar i Sunnmørsalpane

Opplev nokre av Noregs vakraste og mest spektakulære fjellturar i Sunnmørsalpane

Kvart år blir hotellet fylt opp med turglade gjestar som høyrer fjella kalla og som søkjer gode matopplevingar, ro og kvile i særeigne omgivnader. Vertskapet deler villig tips og gode turforslag til alle som vil på kortare eller lengre turar. Nokon startar allereie rett utanfor døra. Unikt for Sunnmørsalpane er dei flotte tindane som ruvar opp frå fjordane. Utsikta på veg opp og ikkje minst frå toppane er uforgløymeleg og eit minne for livet.

Hotellet er eit fantastisk utgangspunkt for å utforska tindepanoramaet i Hjørundfjorden. Klatre opp på kjende toppar som Slogen, Saksa, Urkeegga, Skårasalen, Blåbretindene, Blæja, Kvitegga, Randers Topp eller Kolåsstinden. Kvar av dei er ein favoritt for mange. Like herleg er det å nyta kvelden framfor peisen med noko godt i glaset. Gode samtalar med likesinna. "Tindebestigarane" sine interessante historier er gode grunnar til å la seg inspirere på vidunderlege Hotel Union Øye.

Vandrepakke

Pakken er prisa per person og inkluderar:- overnatting i dobbeltrom- 3-retters middag- frokost- matpakke- fjellkart.

Meir informasjon

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.