
Sommarutstilling med Antje Meier, Sonja Reite og Astri Eidseth Rygh
Antje Meier
er fødd og oppvaksen iTyskland, og bur i Volda. Antje er lidenskapleg opptatt av naturen, og seretter stemningar, lys, fargar og former i naturlandskap. Arkitektoniskestrukturar, kroppsformer og rørsler er også til inspirasjon i bilda hennar. Hoer sjølvlært fotograf, og kunnskapen har ho mellom anna fått gjennom å vere medpå verkstader, masterklasser og ved å få rettleiing frå fotografar ogkunstnarar. Antje brukar ulike i-kamerateknikkar for å omsetje det ho oppleverute til halvabstrakte bildeuttrykk. Antje var med på si første utstilling i2014, og har sidan bidratt på fleire utstillingar i Norge og utanlands. AntjeMeier er til dagleg førstelektor i matematikk ved Høgskulen i Volda.

Sonja Reite
er frå Syvde og bur i Ørsta. Ho har vore aktiv kunstnar sidan 2001, då ho var med på si første utstilling. Frå 2001 og fram til i dag har ho bidratt på ei rekke separatutstillingar og kollektivutstillingar. Kysten, fjord og fjell, lys og horisontar er tema som går att i bilda til Sonja. Ho brukar for det meste akryl, pastell- og oljekrit. For å få eit ekstra spel i fargane i maleria brukar ho også cobra oljemaling,som kan blandast med vatn. Motiva er for det meste henta frå fantasien, men det hender rett som det er at folk meiner dei kjenner at stader og landskap ibilda. Dei siste åra har portrettmåleri vorte ein del av repertoaret hennar. På sommarutstillinga får vi sjå både natur og portrett.

Astri Eidseth Rygh
er frå Volda og bur i Stavanger, og er kjent for mange. Astri har utforska ulike kunstformer, og har mellom anna arbeidd som scenograf i samband med danseframsyningar, laga videoar, kortfilmar og skapt tekster. Mest kjend er ho for bildekunsten, i første rekke oljemåling, men også akvarellar, kolteikningar og grafiske verk. I tillegg til å vere ein høgt akta nasjonal kunstnar, kan Astri Eidseth Rygh vise til ein omfattande internasjonal karriere med utstillingar og/eller framsyningar (performances) både i England, Danmark, Italia, Frankrike, Sveits og USA.

Utstillinga opnar fredag 11. juli kl 1800
Les meir her
Velkomne til utstilling!
Other Posts

7-fjellsturen//Ørsta/Volda

DNT-turar i Volda og Ørsta
