Volda Elektriske Mylne

Ved Volda Elektriske Mylne kan ein sjå gammalt handverk i drift. Her blir ulike kornsortar malne på tre store og gamle steinkverner frå 1930-talet. Der er kornsortar som havre, bygg, rug, spelt, kveite, erter og emmer, det sistnemnde når det er råd å få tak i. I tillegg har Mylnå i ganske nyleg utvikla nye produkt av lokale råvarer. Mellom anna chaga, ein type sopp som veks på bjørketre, og som blir nytta som kosttilskot, ein kraftig antioksidant. I tillegg til kosttilskot blir det male pulver av blad og skot frå seljetre. Seljepulveret vert også nytta til brødbakst. Seljepulveret inneheld sukkerartar og omega 3 og 6.


Bedrifta har fått mange utmerkingar, mellom anna Olavsrosa frå Norsk Kulturarv for «førebiletleg kombinasjon av tradisjonell bruk og  modernisering av det tekniske utstyret gjennom å oppretthalde ein unik handverkstradisjon». Det same året vart produktet platetørka havregryn tildelt prisen «årets råvare frå land» under matfestivalen i Ålesund. Under Årets måltid i Stavanger var havregrynet ein viktig ingrediens i desserten.

Mylnå har vore med i fjernsynsprogrammet Norge Rundt heile tre gonger og har også hatt innslag i radioprogrammet Norgesglaset tre dagar på rad med ulike tema.


Mylnå har fått støtte både frå Kulturrådet, Kulturminnefondet og Stiftelsen Uni.


Gjester kan førehandstinge tid for å sjå korleis handverket vert utført.



Les meir

Tlf: + 47 700 55 510/ +47 958 16 219

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.