Aktivitetar
Foredrag: Padling på Sunnmøre //Volda folkebibliotek
Det er mange flotte stadar å padle her på Sunnmøre, og vi vil dele noen av disse turene med dere. Foredragshaldar er er Sindre Slettestøl. Sindre er aktiv padlar som har utforska Sunnmøre frå kajakken. Turane Sindre fortel om inkluderer mellom anna padling i Geirangerfjorden, Gurskøya rundt med overnatting på Toralfbuda og padling til Flåvær. Sindre kjem også innom turplanlegging, tryggleik og litt om utstyr. Kanskje du blir inspirert til nye turar her på Sunnmøre? Det er gratis å delta - påmelding via billettlenka.
Legg til i kalender
Raftevold & Berg //Stødt Bar & Scene
Sidan debuten i mars 2023 har duoen spelt ein rekke konsertar rundt om i Noreg. Dei har slept fleire singlar, og debutalbumet kom i mars i år. Fleire av låtane har fått speletid på NRK P1. Duoen har fått mykje lovord for si forestilling visenes vår. Med morosamme og spennande historier knytta til visene, blir publikum tekne med på ei musikalsk reise gjennom den norske visehistoria.
Legg til i kalender
Konsert-harpe og fiolin- med duoen Janse/Robak //Kunsthuset
Billett kr 250 for vaksne. Vipps eller kontant i døra. Harpe- og fiolinduoen vart til etter nokre orkesterprosjekt, der Miranda Janse vart innleigd på harpe. Dei fann ut at begge hadde veldig lyst til å spele kammermusikk for harpe og fiolin, og byrja å planleggje. Miranda Janse bur i Rotterdam i Nederland og Øyvind Skatvedt Robak bur i Volda i Noreg.
Legg til i kalender
Creedence forever //Stødt Bar & Scene
Noregs mest populære Creedence tributeband, kjem på besøk. Det blir garantert full fart med allsang til alle Creedence sine kjende klassikarar. Katalogen er lang og innhaldsrik; Have You Ever Seen The Rain, Proud Mary, Bad Moon Rising, Cotton Fields, Down On The Corner; Ja katalogen er lang og innholdsrik og kanskje blir det også plass til låter fra Creedence sine meir ukjende blues- og progsider. Dørene opnar kl 2100. Konsertstart kl 2200. Aldersgrense: 20+
Legg til i kalender
Summer After Ski//TIK
Bli med på sesongens siste afterski på TIK! Ope kjøkken til kl 2300. Billett kr100,- (fri inngong fram til kl 2300). ID: 20 år. Vi feirer ein fantastisk skisesong med SUMMER AFTERSKI! DJ MOUNIR styrer "spakane" og vil syte for høveleg musikk og god stemning! Kom og feir avslutninga på skisesongen og starten på sommarsesongen på TIK!
Legg til i kalender
Sparebank1 Vartdalsstranda Halvmaraton og barneløp //Vartdal Skule
Team Joggis inviterer til halvmaraton der 100% av inntektene går til Kreftforeninga. Det blir også arrangere Kretsmeisterskap. Dette denne gongen blir det arrangert 10 km med tidtaking og ikkje maraton.
Legg til i kalender
The Flower & Friends //Stødt Bar & Scene
Det legendariske Ørstabandet, The Flowers kjem tilbake til Stødt, og denne gongen med ‘’Friends’’. Kven disse venane blir ikkje annonsert no, men bandet seier dei har nokre ess i erme, og at det blir ein flott musikalsk kveld med lokale låtar, blanda med slagera frå ei tid tilbake. I tillegg blir det fleire låtar av Bellady (Egil Dimmen). Billettar kr. 100,- (Tikkio og i døra). Aldersgrense + 20 år.
Legg til i kalender
Klubb 360 //Rokken
Studenthuset Rokken køyrer Klubb 360 igjen! Inspirert av det klassiske Boiler Room-konseptet, er DJ plassert i midten av lokalet på bakkenivå og leverer knall dansestemning – Rokken har med ein haug dyktige DJ`ar som blir avslørt snart... Dørene opnar kl 2000. Aldersgrense 18+ Billett kr 50,-/100,-
Legg til i kalender
Lønningsquis //TIK Cafè & Restaurant
LØNNINGS-QUIZ med Quizmaster Odd Kåre Fløtre! Ta med ein kollega, ein ven eller naboen og ta turen innom. DØRENE OPNAR kl 1900. QUIZ STARTAR PRESIS kl 2000. Det blir servert utvalde rettar og god drikke fram til Quizen startar. Maks 5 stk pr lag. Kr 50,- per person. 18 års aldersgrense. Påmelding skjer når du kjem.
Legg til i kalender
Foredrag med Johannes Alme og Balljemiddag //Havila Hotel Ivar Aasen
Johannes Alme held foredrag der dun kan vere med på ei reise til Vestisen. Du får høyre historia om sesongen 52, inkludert det stormfulle uværet der fem skip med 79 menn forsvant sporlaust. I 1952 deltok 53 skip med 900 menn i Vestisen. Hugs å være tidlig ute grunna begrensa antal plassar. Etter foredraget blir det servert tradisjonell balljemiddag. Maks 50 personar, så ver rask til å sikre detg plass! Pris kr 395,- per person, foredrag og middag. Drikke ikkje inkludert.
Legg til i kalender
Quis med Haakon: Ymse & Dialektord //Stødt Bar & Scene
Bonustemaet denne gongen er dialektord, ikkje berre lokale dialektord men frå heile landet. Haakon har kanskje ikkje vandra i 25 år langs heile Noreg og samla dialektord slik som Ivar Aasen gjorde, men dette stoppar ikkje Haakon frå å grille sjølv den mest hardbarka (ny)norsk-læraren. Målet er ikkje å vere noko rakettforskar, men heller å gjere sitt beste med det ein kan, og har fått med seg i gjennom veka, månaden, året og generelt i livet. Premien til vinnarlaget er billettar til Sommarparty: Apache Partyband den 1. Juni her på Stødt! Det blir også ei bonuskåring der målet er å imponere quizmester Haakon med det beste dialekt: ordet, setninga, sitatet, diktet, uttrykk eller noko i den dur. Dørene opnar kl 1900. Quiz-start kl 2000. Aldersgrense: 18+
Legg til i kalender
Sommarparty: Apache //Stødt Bar & Scene
Apache er eit partyband beståande av 3 strålande musikalske karar. Dei spelar til fulle hus med ei fabelaktig stemning uansett kvar i landet dei opptrer. Med speleglede, formidlingsevne og eit ekstremt energinivå spelar dei med eit breitt repertoar som spenner seg frå ABBA til AC/DC. Apache spelar ca. frå kl. 22 og utover kvelden. Billettar: kr 295,-/Early Bird-billettar: kr. 225,- ( begrensa antal billettar og fram til 30.april ) ID: 20+
Legg til i kalender
Odin-FESTSPELA 2024 //Aasentunet
Opningskonserten på Utescena torsdag 6. juni er med Odin Staveland, under artistnamnet Odin. Han er for mange kjend som låtskrivar, vokalist og trommeslagar i Vamp. Multikunstnaren har også laga eigen musikk til film og teater, og medverka, produsert og skrive musikk for nokre av landets mest kjende artistar. Odin debuterte som soloartist i 2015, og i 2020 gav han ut det kritikarroste albumet Sillajass. Saman med bandet gjer han konsertar som er intense, særeigne og leikne. I 2024 er Odin aktuell som deltakar i TV2-programmet Hver gang vi møtes. Foto: Kim Edgar Bachel
Legg til i kalender
Poesipub med Mari Kvien Brunvoll og forfattarar //Stødt Bar & Scene
Mari Kvien Brunvoll er ein av Noregs mest spennande musikarar og vokalistar. Fødd i Molde, men er no busett i Bergen. Brunvoll har ein særeigen stil, noko ho har vist i samarbeid med mellom anna gitarist Stein Urheim, i bandet hennar Building Instrument og i eigne soloprosjekt. Ho har komponert musikk til fleire teaterstykke, og er årets Festivalmusikar under Sildajazz i Haugesund. På Stødt får me møte vokalisten i unike samspel med fleire av årets forfattarar på Festspela.
Legg til i kalender
Kari Bremnes- FESTSPELA 2024 //Aasentunet
Bremnes har i løpet av 40 år etablert seg som ein av landets fremste artistar. Den prisvinnande tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og sterke tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvendt stemning.– Kari Bremnes gjestar Festspela for første gong som soloartist. Ho er ein stor formidlar av songtekstar, og det kjem til å bli ei mektig oppleving når ho stiller med fullt band på Utescena på laurdagskvelden, seier Tone Slenes, leiar for Aasentunet og Festspela. Foto: Øyvind Toft
Legg til i kalender
Ivar Aasen-stemnet: Gabriel Fliflet band-I lys loge- FESTSPELA 2024 //Aasentunet
Søndag 9. juni kjem musikk skriven og framført av Gabriel Fliflet band, no med nye tekstar av forfattaren Kjartan Fløgstad. Under Ivar Aasen-stemnet får vi oppleve I lys loge, som er tingingsverket til neste års Vossa Jazz. Fliflet har med seg eit stjernelag av musikarar. Bandet er sett saman av Gabriel Fliflet (trekkspel, piano og vokal), Susanne Lundeng (fele, vokal), Jørgen Sandvik (gitar, vokal), Per Jørgensen (trompet, vokal) og Anders Bitustøyl (bass, vokal). Foto: Hans Jørgen Brun
Legg til i kalender
Lønningsquis //TIK Cafè & Restaurant
LØNNINGS-QUIZ med Quizmaster Odd Kåre Fløtre! Ta med ein kollega, ein ven eller naboen og ta turen innom. DØRENE OPNAR kl 1900. QUIZ STARTAR PRESIS kl 2000. Det blir servert utvalde rettar og god drikke fram til Quizen startar. Maks 5 stk pr lag. Kr 50,- per person. 18 års aldersgrense. Påmelding skjer når du kjem.
Legg til i kalender
Ølsmaking med Lervig //Brør mat & bryggeri
Brør mat & bryggeri feirer at dei har fått ny hovudleverandør på øl! Yngve frå Lervig kjem heile vegen frå Stavanger, for å ta dykk gjennom delar av portefølja deira. Arrangementet vil foregå i barområdet, billett får du bestilt på nettsida til Brør (bilettar kjem snart). Om du tinger bord, gjeld framleis eteplikt. Hald augene opne, bilettar kjem etter kvart på nettstaden.
Legg til i kalender
Gil Edwards //Stødt Bar & Scene
GIL EDWARDS, som er eit kjend namn for mange Han er fødd og oppvaksen i Medford, Oregon. Medan han spelte i Seattle, møtte han nokre norske musikarar, noko som førte til at han kom til Norge for å prøve lukka. Han vart tilsett som bassgitarist i Marius Müller sitt band. Sidan har han, med unnatak av eit par år arbeidd og turnert i Norge. Konsertstart kl 2230.Billett kr 150,-. Aldersgrense: 20+. Billettar på TIKKIO.
Legg til i kalender
Riksteatret: Fantorangen på teater //Ørsta kulturhus
Endeleg kan barna møte Fantorangen, Pivi, Fantus og Maurora på teaterscenen! Fantorangen og Pivi må plutseleg lage ei teaterframsyning – men korleis gjer ein dét, eigentleg? Fantus vil også vere med, men Pivi seier at Fantus er altfor liten. Pivi og Fantorangen vil heller ha med Maurora, som bur i maurtua og kan dei mest utrulege ting. I Fantorangen, Pivi og Mauroras teaterframsyning kan alt skje – men er det kanskje Fantus som fiksar det meste likevel ...?
Legg til i kalender
Teatret Vårt: Jordmor på Jorda //Ørsta kulturhus
Eit livsdrama og mektig kvinneportrett av Edvard Hoem Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og var i livets teneste i meir enn femti år. Jordmor på jorda er ikkje berre ei framsyning om framveksten av det viktige jordmoryrket, men òg ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør.
Legg til i kalender
BAdesKen: JA VI ELSKER DETTE LANDET //Ørsta kulturhus
JA, VI ELSKER DETTE LANDET - eit humorshow du ikkje har sett maken til! Rare og morosame saker frå landets lokalaviser har gjort BAdesKen til eit fenomen på sosiale mediar. No tek Ken André Ottesen med seg avisutklippa sine og legg ut på ein latterleg turné for å fortelje folk om korleis dei og heimstaden deira eigentlig er. «Ja, vi elsker dette landet» er nyskrive kvar kveld, tilpassar seg geografisk og tek i særleg grad omsyn til innavl hos publikum. Men først og fremst beviser BAdesKen at Noreg ikkje berre er verdas beste land. Det er også det artigaste!
Legg til i kalender
Volda Bilmesse 2024 //Sparebank1 Hallen
Velkomen til bilmessa 2024!
Legg til i kalender
Riksteatret: Bare Elling //Ørsta kulturhus
Ei ganske morosam historie om einsemd. «Bare Elling» er ei morosam og gripande skildring av eit einsamt menneske med mange meningar og sterke nevrosar, som svært mange vil kjenne seg igjen i. Enten du er ein trufast tilhengar av Ingvar Ambjørnsen sitt Elling-univers eller ein nykommar i verda hans, vil du få ei teateroppleving som rører hjartet og får deg til å tenkje. I møte med Elling blir vi alle litt mindre åleine.
Legg til i kalender
Festkonsert med Rotlaus og Baarelaget //Ørstahallen
18 års aldersgrense. Dørene opnar kl 2100.