Ørsta kyrkje

Ørsta kyrkje er ei langkyrkje, bygd i 1864. Kyrkja er bygd ikkje langt frå der den tidlegare stavkyrkje hadde stått sidan 1300-talet.  Då det i 1851 kom ei forordning som kravde at soknekyrkjene skulle ha sitjeplass til 3/10 av folka i sokna, vart den gamle stavkyrkja for lita og det vart bestemt å bygge ny kyrkje. Ein del av materialane frå den gamle kyrkja vart brukt i nybygginga. Arkitektane bak kyrkja er Wilhelm von Hanno og Heinrich Ernst Schimer.

Altartavla i Ørsta kyrkje er eit altarskåp frå seinmellomalderen. Det er truleg laga i Nord-Tyskland eller Nederland. Det stod i den gamle kyrkja og fekk etter kvart også plass i den nye. Rundt 1880 vart deler av skapet bygd inn i ei større altartavle med eit altarbilde avnattverden og ei teksttavle. På slutten av 1950-talet vart skåpet restaurert attende til opphavleg form. Ved ope alterskap ser ein Jesus på krossen med Maria og Johannes ståande nedanfor krossen. Ved lukka altarskap ser ein Maria som får besøk av engelen Gabriel med bodskapen om at ho skal verte mor til Jesus. Skapet er lukka på Maria bodskapsdag og i adventstida, medan det vert opna under juleotta juledags morgon.

På nordveggen ser ein Vik-epitafiet frå 1703. Her ser ein familien til Knut og Ragnhild Vik med både levande og døde born. Teksta under bilete lyder:

«Gud til Ære, dette Hans Huus til Zirat,

Er Denne overstående epitaphium for æret

af  Knut Nielsen Wig og Ragnelde Laridtz daatter med sine Børen.

Herren Holde Sin Beskiermelse Over Alt.

Ao 1703 d: 28. julius.»

 

På kvar side av familien ser ein Adam og Eva medkvart sine fikenblad om livet og over familien ser ein ei enkelframstilling av krossfestinga.

Kyrkje er også rikt utsmykka med rosemåling og ulike kristne symbol, særleg på galleriveggen.

Tal på sitteplassar er 380.
Kjelder: «Ørsta kyrkje gjennom 100 år» og «Ørsta kyrkje 150år».

 

Tlf. +47 700 48 640

Foto: Ørsta Kyrkje

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.