Prillarguri

Det var folkeaksjon på Bjørke i 1997 då Telenor (tidlegare Televerket) ville fjerne den raude telefonkiosken. Bjørkefolket bolta «ringjebuda» fast til store steinblokker, og kiosken fekk då namnet Prillar-Guri.

Det enda med at kiosken fekk stå, og at han og 99 andre telefonkioskar rundt om i landet vart verna av Riksantikvaren. Seinare vart kiosken landskjend i NRK-programmet Norske attraksjonar med Linda Eide.
I 2015 kutta Telenor leidninga og summetonen i den vidgjetne raude telefonkiosken på Bjørke.

Kjelde:  Sunnmørsposten.

 

Foreningen!les og Telenor har no gått saman om eit nasjonalt litteraturformidlingsprosjekt. Kiosken har blitt pussa opp og fått nytt innhald. No kan du ta med deg ei bok eller leggje att ei, som andre kan få glede av. Foreningen !les, Nynorsk Kultursentrum og Nynorsksenteret donerte ein del nynorsk barne- og ungdomslitteratur til opninga. Dette er eit lesestimuleringstiltak.


Foto: ØNK

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.