Steinsvik Fjordfiske

I Steinsvika kan du bu i strandkanten i flotte omgjevnader.
Velutstyrt hytte og leilegheit med høg standard. Der er ni sengeplassar i hytta og fem i leilegheita. Utleige er på vekebasis. Hytta og leilegheita er tilrettelagde for fisketurisme og har overbygde sløyebenker og frysarar. Du kan disponere ein 18-fots båt med 40 hk-motor mot eit tillegg i prisen. Husa ligg nær ein fylkesveg med lite trafikk. I begge bueiningane er det tv med norske kanalar og breiband med god kapasitet.
Det er mange populære turistattraksjonar i nærområdet. Du kan ta dagsturar til mellom anna Ålesund, Stryn, Loen, Geiranger og Runde. Det er også flotte turalternativ i nærleiken. Eitt av dei er det populære fjellet og utsiktspunktet Galten i Dalsfjorden med startpunkt 25 km unna.
Tlf. +47 913 49897
Foto: Sindre Kvangarsnes