Sel på Haukåssætra

Koseleg sel på Haukåssetra i Urkedalen. Der er to sengeplassar. Utedo og friskt vatn i elva. Vedomn, gasskokeplate i tillegg til naudsynt kjøkenutstyr. Der er ikkje sengety, men gode madrassar. Du kan få leige dyne og pute, eigen sovepose eller eige sengety kan vere like greitt.

Selet ligg fint til for fjellturar til dei omkringliggjande fjelltoppane som Slogen, Urkeegga, Saksa, Hjørundfjordegga og til Patchellhytta.


På Urke ligg ein koseleg landhandel og puben Kaihuset. Ti minutt unna med bil finn du det herskapelege Hotell Union Øye. Derifrå kan du køyre vidare gjennom eit av dei mest spektakulære dalføra i Noreg, Norangsdalen. Då passerer du Lygnstøylvatnet med landets einaste «undervasseter», ein unik attraksjon.

Hundar er hjarteleg velkomne.

Tlf. +47 952 25 895

Foto: Stine Rist Leira

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.